Brikkevevde hosebånd basert på London-funn #450
Feb 5, 2020 17:34:19 GMT 1
Post by fugleperspektiv on Feb 5, 2020 17:34:19 GMT 1
Når eg likevel bestemte meg for å lage litt meir funnbaserte band enn tidlegare, tenkte eg at det var ålreit å dele med resten av klassen!
Bakgrunn: I Textiles and clothing c.1150-1450 - Finds from Medieval Excavations in London er det beskrive eit rustraudt, brikkevevd band (nr. 450), omlag 8,5 mm breitt, der eit forslag til bruk ville vore hoseband, basert på breidda og kvaliteten (Crowfoot et al., 2001, s. 133). Bandet er einsfarga i mørkt raudbrunt, med silke i både innslag og varp, og med tolv brikker. Bandet er det som på biletet er markert som (B).
Eg valgte å følge samme framgongsmåte som beskrive for dette bandet (Crowfoot et al., 2001, s. 137), men med to ekstra brikker og i grønt i staden for raudt. Det er ikkje beskrive noko om korleis brikkene er satt opp, så eg valgte setje dei opp mot kvarandre (slik at dei ved start var stilt følgande: SZSZSZSZSZSZSZ), og eg vever begge hoseband i ein runde, før eg skal klippe og sy dei ned etterpå. Framgongsmåten ellers er beskrive som at dei to ytterste para med brikker snuast framover 1/4 gong kvar runde. Samtidig vert alle S-stilte brikker snudd to 1/4-runder framover, medan alle Z-stilte brikker vert snudd 2 1/4-runder bakover. Ved neste runde blir dei ytste para framleis snudd framover, men denne gongen vert alle S-stilte brikker snudd to 1/4-runder bakover, medan alle Z-stilte brikker blir snudd framover. For å gjere dette enkelt deler eg brikkene opp i tre, som vist på biletet, der dei fremste brikkene vert snudd samme retning heile tida, og dei to andre går motsatt veg annakvar gong.
Dette gjev ein veldig fin effekt på bandet, og liknar mykje på korleis det ser ut når ein har firehólsbrikker, men berre tråd i to av dei, og skråstiller annakvar brikke. Breidda blir ganske som eg hadde håpa og forventa, omlag 10-11 mm.
Når eg var omlag halvvegs, valgte eg å snu retningen på dei ytste para, for at ikkje det skal bli for mykje tvinn på tråden. Oppdaterer seinare når banda er heilt ferdig!
Kjelde:
Crowfoot, Pritchard & Staniland (2001) Textiles and clothing c.1150-1450 - Finds from Medieval Excavations in London, Museum of London, The Boydell Press.